Voss Krisesenter

Telefon: 56 51 60 00
Telefax: 56 51 49 02
Mobilnr: 90 64 32 55

Epost

 
Om Voss krisesenter
 
Fyrste gongen det vart etablert krisesenter på Voss var i 1984. Grunna pengemangel og dårlege husvære, var krisesenteret i periodar stengt, men frå 1992 og fram til i dag har det vore kontinuerleg drift.
 
Krisesenteret er eit døgnope lågterskeltilbod for kvinner, menn og borna deira, som har vert utsatt for vold i nære relasjonar.
 
Krisesenteret held for tida til i eit koseleg sentrumsnært hus med tilhøyrande hage. Dette i påvente av at det skal bli kjøpt eit permanent husvære til vårt føremål. Her kan brukarane få mellombels husrom ved behov. Krisesenteret fungerar som eit bukollektiv der det vert lagt vekt på at brukarane skal stella seg sjølve.
 
Dagleg leiar er på krisesenteret mandag - fredag kl. 08.30 - 15.30. Ettermiddag og natt vert dekka av frivillege vakter, som er kvinner og menn i alderen 23 - 80 år, med forskjellege utdanningar og erfaringar. Personalet på krisesenteret kan gje kriserådgjeving og rettleiing heile døgnet. Me kan hjelpa brukarane med å ta kontakt med det offentlege hjelpeapparatet dersom dei har behov for det.
 
Krisesenteret driv óg opplysningsarbeid i nærmiljøet.
 
Alarmtelefonen for barn og unge